I Marit Eikemos nye roman Gratis og uforpliktande verdivurdering er livet førebels eit kaos. Men alt vil bli annleis om dei berre får høgare lån og kan kjøpe Lerkevegen 41. I Birgit Alms roman Ensom planet har Karianne klatra litt sosialt sidan den gongen ho og Boris budde i same blokk. Likevel er det Karianne som får i oppdrag å rydde ut når Boris døyr på reise i Kina.
To kvinner som lever i ein røyndom og gjerne skulle sett at han var ein annan. Og eit Noreg der ulike økonomiske klasser vekst fram i rask fart. Med sine to bøker på to år har Birgit Alm på rekordtid etablert seg som ei sylskarp stemme i det norske litterære landskapet, medan Marit Eikemo lenge har vore ein kvalitetsleverandør av skeive menneskelagnader i norsk samtidslitteratur.
Sandra Lillebø er blant dei som har tematisert økonomiske og sosiale klasser i yrket sitt som forfattar og kommentator i Klassekampen. Ho møtte Alm og Eikemo på Litteraturhuset til samtale på Litteraturhuset 25. april 2018.
Litteraturhusets podkast presenterer bearbeidede versjoner av samtaler og foredrag i regi av Stiftelsen Litteraturhuset. Musikk av Apothek.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Fler avsnitt av Litteraturhusets podkast
Visa alla avsnitt av Litteraturhusets podkastLitteraturhusets podkast med Stiftelsen Litteraturhuset finns tillgänglig på flera plattformar. Informationen på denna sida kommer från offentliga podd-flöden.
