Sveriges mest populära poddar
Strid
Strid

Lagapodden: Kva samfunnsideologiar prega Norge på 1200-talet?

29 min22 september 2021

Om avsnittet

Kongsspegelen var eit danningsverk som – sett på spissen – var skrive som ein styringsmanual for ein framtidig monark. Det var skrive omlag på den tida då Håkon ung døydde, og den yngre broren Magnus rykka opp som tronarving. Den seinare kong Magnus Lagabøter må difor som ung mann ha vorte kjent med Kongsspegelen. For mange av dei grunnleggjande tankar og idear som pregar Landslova av 1274, er alt formulert i dette danningsverket. Korleis plasserer Kongsspegelen seg i den europeiske tradisjonen for slike danningsverk, kva idear og tankar om stat og statsstyre vert uttrykt der, og i kva grad vart desse ideane og tankane realisert i det norske riket frå andre halvdel av 1200-talet?

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Strid med Nasjonalbiblioteket finns tillgänglig på flera plattformar. Informationen på denna sida kommer från offentliga podd-flöden.