Sveriges mest populära poddar
Strid
Strid

Lagapodden: Kva var tinget?

32 min15 september 2021

Om avsnittet

Landslova av 1274 representerer ikkje byrjinga på rettsleg regulering i det norske riket. Heller tvert om – det fanst alt ein solid og lang rettstradisjon som Landslova kunne byggja vidare på. Sentralt i denne rettstradisjonen stod tinget. Dei viktigaste mellom tinga var lagtinga Gulating for Vest- og seinare Sørlandet, Frostating for Midt- og seinare Nord-Norge, Eidsivating for indre Austland og Borgargarting for området rundt Oslofjorden og nedover til Gøta elv. Men når vart lagtinga organisert, kven var det som møtte på tinget, korleis vart saker avgjort, og korleis plasserte tinget seg i det meir allmenne styringsmaktslandskapet i mellomalderen?


Professor emerita Else Mundal, UiB og professor Jørn Øyrehagen Sunde, UiO


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Strid med Nasjonalbiblioteket finns tillgänglig på flera plattformar. Informationen på denna sida kommer från offentliga podd-flöden.