Sveriges mest populära poddar
Tru og meining i gammal tid
Tru og meining i gammal tid

66. Voluspå. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker

1 tim 32 min•30 juni 2024

Om avsnittet

Voluspå er den viktigaste kjelda vi har til norrøn mytologi. Mange eddadikt gjev eit vell av viktige opplysningar om mytologien, men berre Voluspå set opplysningane saman til ei kosmisk  verdshistorie, frå skapinga av verda i grå fortid til undergangen langt der framme – og heilt til den nye verda atter stig av havet. I denne episoden gjev vi bakgrunn for diktet og går gjennom teksten nesten strofe for strofe.

 

Andre stikkord: Handskriftgransking, pergament, skriftkultur, Codex Regius, Snorre Sturlason, gudedikt, heltedikt, Ragnarok, apokalypse, gullaldermyte, brettspel, syklisk tidsoppfatning, jotunen Yme, vanekrigen, dvergane, Ask og Embla, verdstreet Yggdrasil, misteltein, Balder, Mime, Odin, Tor, Fenrisulven, Midgardsormen, Frøy, Vidar, Loke, Surt, kristendomen, Heimdall, iransk endetidstradisjon.

 

Innspela i HVLs Medielab 18. juni 2024.

Tru og meining i gammal tid med Eldar Heide finns tillgänglig på flera plattformar. Informationen på denna sida kommer från offentliga podd-flöden.