
7. Ofringar i myrar og vatn. Samtale med arkeolog Julie Lund
Om avsnittet
Kvifor la folk i vikingtida dei aller finaste smykka og våpna sine i myrar og vatn? Er gullskattar i myrar og vatn avgløymde «innskot» i gammal tids «bankar», eller er dei rituelle deponeringar? Er det så stor skilnad mellom offer- eller deponeringsskikkane i eldre og yngre jarnalder som ein har meint? Let folk seg manipulere til å leggja verdigjenstandar i myrar og vatn, eller var dette meiningsfulle handlingar for frie menneske? Folk såg tydelegvis på myrar og vatn som grenseflater mot den andre verda, men korleis kan slike idear oppstå? Kva kan mellomaldertekstar og folketradisjonar seia om tankegangen bak slike ting? Samtale med arkeolog Julie Lund, fyrsteamanuensis i arkeologi ved UiO.
Innspela i Oslo 26. september 2022.
Fler avsnitt
Visa alla avsnitt av Tru og meining i gammal tidTru og meining i gammal tid med Eldar Heide finns tillgänglig på flera plattformar. Informationen på denna sida kommer från offentliga podd-flöden.