Cecilie Sendstad og kollegaene hennar avslører mykje om Putins regime ved å bla i landets eigne tal. Tilnærminga hennar til Russland og Putin er litt annleis enn mange kanskje ventar frå ein forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt. Sendstad ser ikkje på kuler, krut og våpenmakt. For henne handlar det om å finstudere statens eigne tal. Russland kan ikkje sjå bort frå økonomiske tyngdelover. Etter at Ukraina-krigen starta har det vorte stadig vanskelegare å finne ut av korleis det eigentleg står til med dei føderale budsjetta og rekneskapane i landet.